Bendik og Aarolilja

Bendik rid åt Sølondo,
han vilde skoda vene møy,
Han var ikkje lage til atterkoma,
og difor so laut han døy.
Årolilja, kvi søve du so lenge?


Han var ikkje i kongens gard
meire enn månar tvo,
han la seg i med vene møy
med kongens dotter i so stor elkhug.
Årolilja, kvi søve du so lenge?


Det var kongen av Sølondo,
han slær sin neve i bord:
Han Bendik skal ikkje livet njota
um eg vann all verdsens jord!
Årolilja, kvi søve du so lenge?


Sunnanfyre kyrkja der let han Bendik liv,

og up på høgeloftet brast

hjartet på vene viv.

Årolilja, kvi søve du so lenge?


Upp av deira grefter voks dei fagre
tvo liljeblomar dei krøktest ihop yver svali,
der stænd dei kongen til domar.
Årolilja, kvi søve du so lenge?


https://www.musicanet.org